Ei hjartesak for Hydro! Hydro i Årdal har nå fått levert totalt tolv hjertestartere fra SOS Total safety og Mediq Norge.
|
12.10.2009
07.10.2009
Nye hjertestartere til Beredskapen Hydro i Årdal går til innkjøp av ti nye hjartestartarar og vert med det truleg ei av dei best utstyrte og tryggaste bedriftene i landet. |
![]() |
Det meiner Morten Aardal i selskapet SOS Total safety as, som leverer utstyr og står for instruksjon i verksemder i industrien, på institusjonar og i andre offentlege bygg landet over.
Imponert
– Hydro kjem til å bli best i landet
når det gjeld hjartestartarar. Ingen andre stader er det
så tett mellom startarane, og ingen andre stader har me sett
at det vert satsa så grundig på dette området. Eg
tør vedda på at det ikkje finst ei verksemd i landet
som kan konkurrera med dette, seier Aardal, som har over 15
år bak seg redningstenesta i Sandnes, der han framleis jobbar
når han ikkje instruerer.
I desse dagar vert ti nye hjartestartarar kjøpt inn og
plassert rundt om i Hydroystemet i Årdal og Aardal er i bygda
for å kursa godt over hundre tilsette i å bruka
utstyret.
Tett i tett
– Me har hjartestartarar på stasjonane
våre, ein i Øvre og ein på Tangen, det har me
hatt i mange år, men det seier seg sjølv at det blir
noko heilt anna når me no får ti til og at desse blir
fordelt utover i systemet, seier beredskapsleiar Inge
Steinheim.
Han byrja å jobba med dette då han saman med
beredskapskollega Roy Schultz var på ein konferanse på
austlandet for ei tid attende.
Der møtte dei tidlegare verksdirektør Leif Hellebø, som no er HMS-sjef for heile organisasjonen og snakka varmt om temaet hjertestartarar. Sidan har beredskapen i Årdal fått løyve til å handla inn utstyr for over 150.000 kroner.
Dei ti hjartestartarane skal no plasserast ut i elektrolysehallane, på teknologisenteret, i støyperiet og i andre delar av Hydro sin organisasjon i Årdal.


